Vi har lagt mange mil bak oss paa New Zealandske vegar av ymse kvalitet no. Fraa Auckland paa Nordoya har vi kryssa kanalen og arbeida oss fraa Sor-oyas nordlegaste punkt til Dunedin i sor. No er vi i utkanten av Christchurch, reisa sin endestasjon, i vulkan-lagunen Akaroa. Vi har tinga oss ein liten symjetur med verdas minste delfinar, og sitrar av spenning og forventning. Guri gaar med nervene i spenn (Aaneida, aajoda).

Fraa Abel Tasman putra var vi altsaa oppom Farewell Spit, berre for aa konstatere at Golden Bay ikkje hadde saa veldig mykje spennande aa by for oss, anna enn ein liten hippieby med meditasjonsmotell og spirituell massasje. Derifraa putra vi raskt til Kaikoura, midt paa austkysten. Endeleg fekk vi fullt utbytte for vaatdraktane vi hadde kjopt oss, der vi laag og plaska med selar i heftig synkronsymjing paa kloss hald. Eit skikkeleg hogdepunkt, som attpaatil kosta oss nesten ingenting... Om vi ser bortifraa vaatdrakt til 1600 spenn og kjop av ny maske for aa erstatte den som vart stolen...
Ein lang dag med koyring seinare var vi i Dunedin, der vi fekk eit svaert hyggeleg mote med fettern min, Magnus, og kjerasten hans, Sandra. Dunedin var pisse vaatt og kaldt, eg fekk faktisk litt heimlengsel daa veret, det svinet, valgte aa ta paa seg ei kappe som minna sterkt om ein ordentleg Trondheimsumar. Dimed vart det god tid til aa slappe av, men eit par ting fekk vi likevel med oss:
Albatrossar er heilt fantastiske, eg kjenner eg blir litt varm berre eg tenkjer paa dei og synet av desse smaaflya om laag og cruisa paa lufta over kolonien vi vitja. Vi visste

jo at dei skulle vere store, men ved sidan av dei vart sjoelv svartbaken redusert til flagrande konfetti i vinden. Paa den same pynten som kolonien laag paa fekk vi og helsa paa ein liten blaa pingvin som sto og passa paa inngongen til hula si, med eit utrykk som utstraala meir forvirring enn bestemt forsvarsstanse. Frykteleg soet liten rakker. Yellow-crested penguin fekk vi og sett, men paa den avstanden kunne det like gjerne vore ein litt dradd maase.
Utelivet i Dunedin paa ein vanleg torsdag bydde paa eit live jazzband med saakalla levande fossil, krokrygga men svingande jazz. Kvelden vart avrunda paa technobar i ei gamal kyrkje (!), og punktumet vart sett naar jakka til Magnus bestemde seg for heroisk aa redde golvet fraa ein poel med kiwispy, og foten hans redda veggen med like stor iver ved aa overfoere heile skaden i sparket hans over i nagla paa stortoa i staden. Tatt i betraktning at halve tanna til Sandra tidlegare paa kvelden valgte aa defektere tannrekkjene framfor aa massakrere pizzastykket hennar, var tolmodet tynnslitt og moralen litt laber. Troppane trakk seg attende, saara og haltande. Dagen etter var heldigvis humoret attende, daa det vart konstatert at ingen kom til aa faa varige men. To dagar seinare sit vi her i Akaroa, og ventar paa delfinane.